Norsk
Deutsch
English

Opplev gardslivet

Opplev gardslivet

Opplev gardslivet

Opplev gardslivet

Opplev gardslivet

Opplev gardslivet

Opplev gardslivet

På Brudevoll Gard kan du bli kjend med hestar, kalvar, høner og sauder!

Vi er ein familievennleg gard med dyr i fjøset eller ute på beite om sommaren. Her kan du vere med på å mate hønene og kalvane, og plukke egg til frukosten din.

Vi har fjordinghest, kalvar, sauder og lam, ein fin flokk med høner, og villsauder som går fritt på ei øy i Ørstafjorden. Ein pus høyrer også med. All aktivitet på garden er gratis for hyttegjestane. Dei som er van med hest kan låne fjordingen på tur, og elles hjelper vi dei som vil det.

Brudevoll Gard har fiskerett i Ørstaelva 15.06 - 31.07. Ta kontakt for å avtale tid.

Glade høner legger gode egg! Flokken vår har god plass, får økologisk fôr, og kan gå ut i luftegarden når dei vil.